Info om treningsamling i Loen 8-10/6

Til alle som skal til Stryn!

Vi gler oss til turen kommande helg.

Vi har fordelt hyttene, slik at når de kjem fram stoppar de ved resepsjon og får tildelt hyttenummer. Det tar ca 5 timar til Stryn inkl ferje. Fint om de kan gje ein lyd når de køyrer frå Askøy slik at me veit nokolunde når de kjem.

Sengetøy koster 100 kr å leiga, ta gjerne med sengetøy eller sovepose og pute sjølv. Me må sjølv stå for utvask av hyttene, eller så kan ein evt. kjøpe denne tenesten.

Programmet for helga ligg på web og Facebook ifb med påmeldingen

Helsing Styret